FØR KAMPEN: GRENLAND – Bergsøy Idrettslag

FØR KAMPEN: GRENLAND

Etter førre helgs nedtur er det duka for nye sjansar for poeng, når Grenland kjem på besøk til REM Arena Fosnavåg, søndag klokka 16:00!

Det blei som venta ein tøff og jamn batalje mellom to gode handball-lag då Bergsøy og Melhus braka saman førre helg. Diverre for Bergsøy var det Melhus som var best då det gjaldt og kunne feire to poeng etter uret tikka 60:00.

Dette gjorde at Bergsøy fell frå 1. plass til 3. plass, med ein kamp mindre spelt. Allereie komande søndag kjem tabelljumbo Grenland på besøk.

Vi har teke ein prat med kantspelar og lagskaptein Emil Raknes om den komande kampen:

«Grenland er eit lag som har underprestert tidlig i sesongen. Dei har fått eit heilt nytt lag fra førre sesong og det byrjar no sjå ut som formkurven deira peikar oppover. Sjølv om laget ligg på sisteplass med berre to poeng, er det eit lag som kan by opp til dans til kven som helst. Ein sterk siger mot Ryger viser til toppnivå, men då er det vår oppgave som lag å ikkje tillate dei å nå toppnivå i REM Arena Fosnavåg.«

Kantspelar Raknes håpar på eit meir entusiastisk Bergsøy-lag når dei tek imot Grenland til kamp i REM Arena Fosnavåg (Foto: Eivind Sævik)

Det vart ikkje resultatet ein håpa på, som Bergsøy-supporter, korleis skal de komme på rett spor igjen etter førre kamp mot Melhus?

«Fyrst og fremst, så har vi snakka internt i gruppa – om vi er svært tilfreds med posisjonen vår på tabellen. Hadde nokon tilbudt oss åtte sigerar, eitt tap og 16 poeng etter ni kampar, hadde vi takka ja. Så er vi sjølvsagt skuffa over å ha tapt mot Melhus på heimebane. Vi følte oss litt flate på laurdag, så no skal vi brette opp erma og komme med ein mykje sterkare og meir entusiastisk versjon av Bergsøy på søndag. Så skal vi krige for to viktige poeng og komme på vinnarsporet atter ein gong!»

1. divisjon menn, Håndballsesongen 2025/2026

NrLagKVUTMålP
1Viking TIF10901350 – 27418
2Melhus10802306 – 27416
3Bergsøy9801279 – 24416
4Bodø10712303 – 23715
5Kragerø10613292 – 31313
6Charlottenlund10604301 – 26112
7Haslum HK10415285 – 2939
8Åsane10406297 – 3098
9Nordstrand10316256 – 2657
10Lillestrøm HK10316287 – 3037
11Tiller10316273 – 3087
12Bjørnar10208281 – 3194
13Ryger Stavanger10127245 – 2914
14Grenland Topphåndballklubb9108219 – 2832

TILBAKE TIL TABELLTOPP?

Med siger over Grenland vil Bergsøy igjen ta over tabelltoppen, så vi håpar at det trufaste og høglytte publikum kjem på kamp og støttar Bergsøy-herrane til ein viktig siger på søndag klokka 16:00!

Billettar kjøpast her: https://bergsoyil.woow.no/event-buy/4981