TO AV TO OG EIT GODT UTGANGSPUNKT! – Bergsøy Idrettslag

TO AV TO OG EIT GODT UTGANGSPUNKT!

Det vart ein god start for samarbeidslaget Spjelkavik då dei vant to av to kampar første runde av Lerøy-kvalifisering for 18-åringar!

Etter ein kort pre-season med fellestreningar med Spjelkavik og Bergsøy sitt samarbeidslag for gutar 18, var det endelig klart for Lerøy-kvalifisering i Håkonshall. Haslum på laurdag og Lillehammer/Fåberg på søndag.

Sander Aasen var delaktig i at fire av fire poeng blei med heim til Sunnmøre! (Foto: Mariann Skorpen Berge).

Laurdagens kamp enda 25-18 til Bergsøy over Haslum. Bergsøy-gutane Sander Aasen (seks mål) og Eirik Myrseth (eitt mål) noterte seg på scoringslista!
«Vi avgjorde kampen mot Haslum etter ti minutt. Det merkast at tenningsnivået var tilstade. Laget var tent for kamp og etter 25 minutt hadde vi berre fem baklengsmål. Det enda til slutt med ein komfortabel siger til oss.» Seier Bergsøy-spelar Sander Aasen, som er ein av fire gutar som er med på samarbeidslaget Spjelkavik.

Søndag var det Lillehammer/Fåberg som stod på motsatt banehalvdel. Det blei ein spennande kamp der Bergsøy tok sigeren 25-24. Bergsøy-gutane Sander Aasen noterte seg for fire mål og Eirik Kvalsund Myrseth scora fem mål!

«Mot Lillehammer var det ein intens kamp. Slitne kroppar og laget er ikkje tilstades der vi ynskjer. Vi slit med å få flyt i fyrste omgang, men klarer allikevel å halde dei til 12-12 til pause. I andre omgang ligg vi fortsatt under nesten heile kampen, men vi får samla forsvaret. Med litt flaks og hardt arbeid endar kampen 25-24 til oss!»

Vi har teke ein prat med hovudtrenar Jan Husøy:
«Vi er sjølvsagt svært godt fornøgd med 4 av 4 poeng. Det er alltid utfordrende å sette samans eit nytt lag på så kort tid. Heldigvis har vi eit godt samarbeid med Bergsøy no, som gjer monge av spelarane allereie har trena i lag på førehand.

Sosialt har det vore ein fin helg. Gutane har det veldig godt samans og det har vore god stemning heile helga!

Sportsleg har vi hatt ein overraskende flyt. Med ein solid seier over Haslum, der det periodevis gjekk på skinner, fekk vi ein optimal start på kvalifiseringa. Kampen i dag mot LFH09 var ein slitekamp. Eit tøft lag på andre halvdel gjorde til at vi blei meir stressa og fikk fleire personlege feil, men gutane viste ein imponerande sigersvilje og dro det heile i land på ein elegant måte!

Vi gler oss til neste kvalik-helg i lag med gjengen frå Spjelkavik/Bergsøy!»