4. runde i NM: Bergsøy-Kolstad – Bergsøy Idrettslag

4. runde i NM: Bergsøy-Kolstad

2. og 3. runde i NM er historie, og det er bestemt etter trekning at neste lag i 4. runde for Bergsøy blir Kolstad handball i REM Arena Fosnavåg, søndag 21. september!

Serieopning er ikkje langt unna, allereie neste søndag 14. september spelar Bergsøy mot Nordstrand på bortebane i Nordstrand Arena. Fyrste seriekamp på heimebane er enno eit stykke unna, fyrst den 5. oktober mot Ryger!
I mellomtida kan vi sjå fram til 4. runde i NM i Rem Arena Fosnavåg. Då kjem regjerande sluttspelmeister og Noregsmeister Kolstad på besøk!

    Berre 16 lag står att i Noregsmeisterskapet, etter at Bergsøy har tatt seg vidare frå 2. og 3. runde mot henholdsvis Spjelkavik (38-24) og Ørsta (39-20). No er Bergsøy klar for å ta imot Kolstad handball i årets fyrste heimekamp, søndag 21. september!

    Pauli Høj har hatt ein strålande start i Bergsøy-drakt og scora 14 spelemål fordelt på to kampar (Foto: Mariann Skorpen Berge)

    Etter underhaldandes og målrik handball for mot lokale lag i dei fyrste rundene, blir det tøffare motstand neste runde. Det ambisiøse Kolstad-laget tok seg videre førre runde etter å ha slått 3. divisjonslaget Rørvik 45-21. No ventar Bergsøy i REM Arena Fosnavåg neste for det stjernespekka laget fra Trøndelag!

    Slik såg 4. runde i NM ut etter handballforbundet var ferdig med trekninga

    Hald av datoen, meir informasjon om kampstart og billett-sal kjem!