Herrelaget i gang med oppkjøringa – klare for Follo Cup! – Bergsøy Idrettslag

Herrelaget i gang med oppkjøringa – klare for Follo Cup!

Herrelaget er godt i gang med oppkjøringa til sesongen 2025/26. Etter ei velfortjent sommerpause er gutta tilbake på parketten med trening og fullt fokus på å vere klare til seriestart.
Første test på forma kjem allereie denne helgen, når laget reiser til Langhus for å delta på Follo cup. Her vert det fleire treningskampar mot tøff motstand – Follo, Nordstrand og Bodø HK. Det er ein viktig arena for å få samspelet på plass, matche seg mot sterke lag og finjustere før alvoret brakar laust.

Trenerteamet er godt fornøgde med innsatsen så langt, og det meldast om god stemning og høg intensitet på treningane. No gler laget seg til å kome i kampmodus igjen og vise kva som bur i årets Bergsøy-herrelag.

Vi ynskjer gutta lykke til på Follo cup – og gler oss til å følge med vidare i oppkjøringa til ein ny og spanande sesong i 1. divisjon!

Her er ei oversikt over treningskampane denne helga. Ta gjerne turen om du er i nærheita!

Fredag kl.18:45
Bergsøy- Follo (Langhushallen)

Laurdag kl.14.00
Nordstrand – Bergsøy (Stil Arena 2)

Søndag kl.14.00
Bodø – Bergsøy (Stil arena 1)