TO BERGSØY-SPELARAR PÅ TOPP TRE!
Etter endt sesong har Bergsøy avslutta med ein sterk 6. plass i årets 1. divisjon. 751 mål blei scora og 771 mål blei sluppe inn. Spesielt to Bergsøy-spelarar markerte seg ekstra i målprotokollen!
STORSCORER FRÅ ÅSANE
Fleire overraskelsar på toppen av toppscorer-lista for sesongen 2024/2025. Nummer ein på toppscorerlista blei nykomlingen Eirik Riis Follesø i debutsesongen sin i 1. divisjon for Åsane. Åsane gjorde ein flott debutsesong med ein sterk 7. plass, hakk i hæl bak Bergsøy. Mykje grunna eit godt kollektiv, men Eirik Riis Follesø har vore ein sterk bidragsytar for det unge Åsane-laget. Kruttsterke 207 mål, 175 spelarmål og 32 straffemål. Med 93 målgivandes i tillegg gir det totalt 300 målpoeng (mål+assist).
På dei neste plasseringar, på 2. og 3. plass finn vi to Bergsøy-spelarar. Markus Buchardt og Petter Eikrem.
MÅLPOENG-KONGEN I ÅRETS 1. DIVISJON!
Markus Buchardt og Petter Eikrem har nesten bytta på å være «banens beste» i år. Dette for ein grunn: Markus Buchardt har kasta ballen bak motstanderen si målvakt 176 gongar. Neste flest av alle i 1. divisjon som gjer at han får 2. plass på lista.
Av dei 176 måla er 68 av dei måla scora på straffe. Det som gjer Markus sine 176 mål scora så imponerandes, er at han ikkje alltid har primærfokus på å være sist på ballen, men også nest sist. Med imponerande 161 målgivandes pasningar i tillegg, blir det totalt 337(!!) målpoeng – som gjer han til målpoeng-kongen i årets 1. divisjon 2024/2025!

På 3. plass finn vi Petter Eikrem med sine 169 nettkjenningar. Heile 156 av dei var reine spelarmål, noko som gir Eikrem 2. plassen på lista i reine spelarmål. 13 scoringar på straffe og 80 målgivandes pasningar, gir totalt 249 målpoeng for Eikrem.

Andre Bergsøy-spelarar i målprotokollen:
#▴ | Navn▹ | Lag▹ | Kamper▹ | Totalt▹ | Mål▹ | 7-m▹ | Snitt▹ |
---|---|---|---|---|---|---|---|
2 | Buchardt, Markus | Bergsøy | 25 | 176 | 108 | 68 | 7,0 |
3 | Eikrem, Petter Nygaard | Bergsøy | 26 | 169 | 156 | 13 | 6,5 |
29 | Bloch, Esben Høiris | Bergsøy | 26 | 90 | 90 | 0 | 3,5 |
44 | Raknes, Emil Andreas | Bergsøy | 26 | 77 | 70 | 7 | 3,0 |
49 | Ekmann, Christopher Lindbjerg | Bergsøy | 23 | 74 | 74 | 0 | 3,2 |
52 | Hansen, Mikkel Frederik | Bergsøy | 26 | 72 | 72 | 0 | 2,8 |
76 | Nordli, Nicolay Edvin | Bergsøy | 22 | 56 | 56 | 0 | 2,5 |
196 | Pettersen, Iver Frantzen | Bergsøy | 23 | 8 | 8 | 0 | 0,3 |
199 | Vassbotn, Baard | Bergsøy | 10 | 7 | 7 | 0 | 0,7 |
203 | Malahovs, Eduards | Bergsøy | 15 | 6 | 6 | 0 | 0,4 |
216 | Helgesen, Erik Herman Ruud | Bergsøy | 7 | 4 | 4 | 0 | 0,6 |
226 | Grimstad, Victor | Bergsøy | 10 | 3 | 2 | 1 | 0,3 |
229 | Csernai, Robert | Bergsøy | 12 | 3 | 3 | 0 | 0,2 |
230 | Aasen, Sander | Bergsøy | 13 | 3 | 3 | 0 | 0,2 |
259 | Brekke, Daniel | Bergsøy | 5 | 1 | 1 | 0 | 0,2 |
265 | Myrseth, Eirik Kvalsund | Bergsøy | 15 | 1 | 1 | 0 | 0,1 |
267 | Kval, Sigvart | Bergsøy | 26 | 1 | 1 | 0 | 0,0 |