RE-SIGNERING!
Baard Vassbotn har re-signert for Bergsøy handball!
Baard Vassbotn kom til Bergsøy før årets sesong etter fleire år i Viking TIF. Dessverre skada Baard seg tidleg i sesongen, i fyrste heimekamp mot ROS og har vore ute lenge grunna ein operasjon i skuldra. Mot slutten av sesongen vart Baard friskmeld og det er tydeleg at Bergsøy-publikumet har mykje å glede seg til med forsvarskjempen i midtforsvaret til Bergsøy!
Baard har bidratt i ti kampar for Bergsøy i årets sesong og satt sju ballar i motstandaren sitt mål! Sjølv med ein skulderoperasjon, har Baard vore tålmodig offensivt og bidratt i stor grad i midtforsvaret, samans med Esben Høiris Bloch og Nicolay Nordli mot slutten av sesongen.
No er Baard klar for ein ny sesong i Bergsøy handball og vi gler oss til å sjå Baard skadefri og klar for dyst til komande sesong i 1. divisjon 2025/2026!