Bergsøy jakter syvende strake mot Bjørnar i Bjørnarhallen – Bergsøy Idrettslag

Bergsøy jakter syvende strake mot Bjørnar i Bjørnarhallen

Etter seks strake sigerar, sist mot Lillestrøm i REM Arena Fosnavåg, er Bergsøy klare for ein ny bortekamp. Denne gong mot nyopprykka Bjørnar frå Bergen.

Bergsøy har vist til ei solid form innleiingsvis i 1. divisjon, og etter nok ein solid siger mot nyopprykka Lillestrøm (32-24) i REM, har herrane kapra 12 av 12 moglege poeng og leiar 1. divisjon som einaste lag som enno ikkje har avgitt poeng.

Komande laurdag klokka 14:00 i Bjørnarhallen, står enda eit nyopprykka lag på motsatt banehalvdel av Bergsøy. Bjørnar byrja sesongen sterkt med ein siger over Ryger i serieåpninga, men har siden den gong gått på seks strake tap. Etter ei svak innleiing av sesongen ligg Bjørnar no som nr 13 av 14 på tabellen, med to poeng, men ikkje mindre enn to poeng opp til 9. plass. Det er med andre ord, som tidlegare, veldig tett og jamnt i botnen av tabellen i 1. divisjon.

Til tross for dårlig poengfanst, har Bjørnar vist dei ikkje er noko kasteball. Tabellen visar til fleire tap på rad, men Bjørnar kan dei vise til fleire sterke resultat og jamne kampar. Det betyr at Bergsøy må ta oppgåva seriøst for eit lag i poengnød.

Bjørnar vist sterke prestasjonar og resultat mot gode lag. For Bjørnar har enkeltspelarar som kan skape trøbbel dersom dei har dagen. Sondre Bjøreng er motor i laget og ein viktig brikke i angrepsspelet. Linjespelar Garnes har vist gode takter med duellspel og gode mottak. I midtforsvaret finn vi ein gammal Bergsøy-kjenning i Nicolay Nordli. Nordli som spelte for Bergsøy i sesongen 23/24, 24/25, har til sesongen 25/26 blitt Bjørnar-spelar. Sjølv om Nordli ikkje heilt har funnet rytma offensivt i sin nye klubb, er han best kjent for å være ein bauta defensivt – og ligg ikkje overraskende allereie på topp fem på «råtassen» med eit gult kort og ni to-minutter bestrafning etter sju kampar. Det blir eit hyggeleg gjensyn med ein tidlegare Bergsøy-favoritt med ny heimebane!

Bergsøy reiser til Bergen med sjølvtillit og ambisjonar om å krige seg til to nye poeng. Med ein Sigvart Kval i storform fra førre kamp og ein Christopher Ekmann som byrjar nærme seg skadefri og kampklar – ligg alt til rette for ein fartsfylt og spennandes kamp i den intime Bjørnarhallen.

Bergsøy oppfordrar alle utflytta Sunnmøringar til å ta turen til Bjørnarhallen komande laurdag klokka 14:00!