
FØR KAMPEN: Haslum-Bergsøy
Etter siger mot Nordstrand i første seriekamp og ein respektabel cup-kamp mot Kolstad, er det endelig duka for nytt oppgjer i 1. divisjon, denne gong også på bortebane mot førre sesongs Rema 1000-lag, Haslum!
Sjølv om resultatet i førre kamp mot Kolstad var hyggelig (27-26 favør Kolstad), var det ein heilt anna lyspunkt i kampen. Lagskaptein og Bergsøy-legende Oddvar Roseth var tilbake i Bergsøy-drakt for fyrste gong sidan Fyllingen kom på besøk, i den gong Herøyhallen, den 13. april 2024. No er «Oddy» endelig klar til å stå i mål for Bergsøy i 1. divisjon att!

Vi har teke ein prat med Oddvar, om tida på sidelinja og den komande kampen mot Haslum!
Endelig tilbake der du hørar heime, mellom stengene. Det var ein omfattende skade og ein lang vei å gå, men no er du klar. Korleis føltes det å kome innpå bana igjen?
«Skaden eg har fått erfare har nok vore av den krevande sorten innan idrett. Det har vore ein lang prosess å kome tilbake, men eg har hatt god støtte både heime, hos fysioterapauten min og ikkje minst frå klubben. Noko som har gjort det lettare for meg.
Det at eg fekk første minutta tilbake på bana mot Kolstad tek eg berre som ein bonus. Fantastisk å starte å spele kamp igjen i ein fullsatt REM Arena mot slik motstand. Det viktigste for min del var å få ein bekreftelse på at kroppen fungerar også i kampsituasjon. Det verte viktig å ta med seg vidare inn i seriespel også!»
Haslum har tatt fire av fire poeng, etter siger mot henholdsvis Lillestrøm (34-29) og Bjørnar 39-30). Eit ungt lag som har mista sine største profilar etter nedrykket frå Rema 1000-ligaen og det tydar på eit generasjonsskifte i den tradisjonsrike klubben frå Bærum.
Sigerar mot to nyopprykka lag fyrste kampane gjer det vanskelig å vite kor ståa er for Haslum. Men både Lillestrøm og Bjørnar har vist til sterke resultat i sine andre kampar. No står laget med ambisjonar om å komme tilbake til Rema 1000-ligaen på motsatt banehalvdel for Bergsøy. Korleis ser du på den oppgåva?
«Haslum blir ei hard nøtt å knekke, men vi må ta med oss den gode følelsen vi har opparbeida oss mot både Nordstrand og Kolstad når vi reiser ned til Nadderud Arena. Står vi på bakbeina når kampen startar så kjem vi til å få store problem. Med rett tenningsnivå og same kvalitet som dei førre kampane så kan vi absolutt gi Haslum ein kamp om to poeng!»
Kampen spelast i Nadderud Arena på laurdag 27. september, klokka 16:00!
Om ein ikkje er i området, kan kampen også streamast på TV2 PLAY!