
NYSIGNERING!
Bergsøy si nyaste signering er venstrekant, føydd i 2002, 190 cm høg og kjem frå klubben Neistin på Færøynane! Vi ynskjar Pauli Høj velkommen til Bergsøy handball!
Pauli Høj starta si seniorkarriere på høgaste nivå på Færøyane for klubben Neistin. Der har han blant anna vorte kåra til årets kantspelar i ligaen sesongen 2023/2024.
Bergsøy handball har teke ein prat med nysigneringa på venstrekanten.
Velkommen Pauli! Ny klubb og ny start. Kva var det som gjorde at du valgte Bergsøy?
«Eg har høyrd det er ein liten by med eit stor engasjement. Eg følar det er på tide for meg å ta det neste steg. Bergsøy leverte gode resultater førre sesong og eg følar at Bergsøy kan være ein fin stad å byrje!«
Pauli har i ein ung alder allereie vore med på mykje i sitt unge handball-liv. Med ein gullmedalje frå ungdomslandslag U19 EHF Championship i 2021 og ein 7. plass i EHF World Championship 2023 for junior (U21), har han allereie fått internasjonal erfaring på toppnivå på aldersbestemt. Samt uttak til landslaget på seniornivå, utan offisiell kamp på blokka, enno!

Korleis vil du beskrive deg sjølv som spelar?
«Eg er ein spelar full i energi.Eg likar å by på meg sjølv, til lagkameratar og til publikum. Ein fighter som alltid gir 100%. Eg står 2-ar bakover i forsvar og tek ei hard takling med eit smil. Så håpar eg sjølvsagt på å score mange mål framover!«
Med 88 mål på 20 kampar forrige sesong har Pauli endt opp med eit snitt på imponerande 4,4 mål pr kamp som kantspelar. Vi gledar oss til å følge utviklinga i Bergsøy handball.
Hovudtrenar Peter Pucelj seier dette om signeringa av Pauli Høj:
«Vi i Bergsøy er svært glad for å få Pauli til oss og vi ynskjer han varmt velkommen!
Pauli er ein god kantspelar som klarer å spele på høgt nivå både framover og bakover – noko vi var på utkikk etter då Mikkel Hansen bestemte seg å reise heim til Danmark. Han er ein dedikert gutt som vi håpar skal bidra til å bygge vidare på den gode kulturen Bergsøy handball har bygd over tid. Vi håpar at han vil trivast i Bergsøy og at vi sammen kan jobbe for at han som spelar og vi som klubb tar nye steg mot nye høgdar!»