Storeslem for Bergsøy J13 på Handballdraum i Ulsteinvik – Bergsøy Idrettslag

Storeslem for Bergsøy J13 på Handballdraum i Ulsteinvik

Det blei ei verkeleg draumehelg for Bergsøy sitt lovande J13-lag under Handballdraum-cupen, arrangert av Hødd Handball i Ulsteinvik. Klubben stilte med to jamgode lag – og reiste heim med både gull og sølv!

Begge laga starta turneringa fredag kveld, med litt varierande spel – mykje grunna lite kamptrening. Lag 2 opna med uavgjort 8–8 mot Bremanger, medan lag 1 seinare same kveld imponerte med ein solid 17–4-siger over Høyang.

Etter ei natt med lite søvn var det klart for nye kampar laurdag morgon. Lag 2 slo Sula 5–2 i første kamp, før dei spelte 5–5 mot arrangørlaget Hødd. Lag 1 fekk ein tøff start mot Haram, som leia 4–1 tidleg. Men etter knallsterkt forsvarsspel snudde Bergsøy kampen og vann 9–5. Seinare vart det ein ny overtydande siger, 11–4 mot Hareid.

Laurdags ettermiddag og kveld hadde begge laga kampfri, og alt då låg det godt an for at begge kunne gå vidare som puljevinnarar.

Søndagen starta med at lag 1 slo Stryn 8–5 i siste gruppespelskamp. Dermed var det klart for semifinale for begge laga – mot høvesvis Hødd og Haram.

– Det er rett og slett ei glede å vere trenar for så dyktige og pliktoppfyllande jenter! seier trenarteamet med stoltheit.

Og jentene leverte varene: Lag 1 vann sin semifinale 6–2 over Hødd, medan lag 2 slo Haram 8–2. Dermed vart det ein rein Bergsøy-finale!

Finalen vart ein uhøgtideleg internoppgjer mellom Bergsøy 1 og 2, der begge laga viste flott spel og god lagånd. Med dette tok Bergsøy både gull og sølv – ein prestasjon dei verkeleg kan vere stolte av!

Alt i alt ei flott helg med mykje godt spel, mykje glede – og ikkje minst god erfaring mot nye motstandarar.

Gard, Mariann og Gerhard