
Informasjon om sesongkort og billettar 2025/2026
Bergsøy Handball er i full gang med å planleggje sesongen 2025/2026, og i den samanheng ønskjer vi å få ut informasjon om sesongkort og billettar for komande sesong.
Styret i Bergsøy Handball har vedteke å byte ut billettsystemet vi har brukt dei to siste åra med løysinga og appen til Norsk Topphåndball. I denne appen blir det mogleg å kjøpe billettar til dei fleste 1. divisjonskampane og Eliteseriekampane, slik at du berre treng ein app for billettar – også om du går på andre kampar enn Bergsøy Handball sine heimekampar.
I tillegg vil det i appen kome nyheiter om laga og ei rekkje andre funksjonar. Den nye appen har og enklare registrering og betalingsløysing med både bankkort og Vipps
Dessverre er ikkje appen klar enno, men vil bli lansert i løpet av kort tid – estimert til midten av juni. Namnet på appen blir Norsk Liga Håndball (NLH).
Inntil appen er klar, er det mogleg å starte kjøp av sesongkort på følgjande lenkje : https://bergsoyil.woow.no/

Prisane for sesongkort sesongen 2025/2026 blir som følgjer:
Type Sesongkort | Pris |
Alle Bergsøy Kampar (Vaksen) | 2500kr |
Alle Bergsøy Kampar (Ungdom 16-18år) | 1000kr |
Sesongkort kun 1 divisjons kampar (samt NM) | 1500kr |
Billettprisar for enkeltkampar blir som følgjer:
Kamp | Vaksen | Ungdom (16-18år) | Barn (6-16år) | Barn (0-6år) |
1 divisjon (H1) | 150kr (170kr kjøp i døren) | 60kr (80kr kjøp i døren) | 30kr (50kr kjøp i døren) | 0 |
Senior (H3 og D4) | 100kr | 60kr | 0 | 0 |
Breddekampar | 60kr | 30kr | 0 | 0 |
For sesongen 2025/2026 innfører vi eit billettgebyr på 20 kr per billett ved kjøp i døra til 1. divisjonskampar. I tillegg må barn mellom 6 og 16 år også betale billett til desse kampane.
Vi oppmodar derfor alle til å ta i bruk den nye billettløysinga/app. Det blir då billegare for dykk – og våre frivillige sparer mykje arbeid.