RE-SIGNERING! – Bergsøy Idrettslag

RE-SIGNERING!

Etter 337 målpoeng, derav 176 mål og 161 målgivande pasningar førre sesong, har poengkongen i årets 1. divisjon, Markus Buchardt, resignert for Bergsøy handball komande sesong 2025/2026!

Enda ein spelar har re-signert for Bergsøy og stallen for 2025/2026 sesongen byrjar ta form for alvor!


Etter fleire år i Runar handball og Viking TIF i 1. divisjon og Rema 1000 signerte Markus Buchardt for Bergsøy handball før 2024/2025 sesongen. Frå dag èin har Markus satt sitt preg i Bergsøy og i REM Arena Fosnavåg, som spelar, leiar og med sitt engasjement på bana. No er Buchardt klar for enda ein sesong i Bergsøy handball og 1. divisjon!

Buchardt i aksjon mot Melhus i årets sesong. (Foto: Eivind Sævik)

Etter ein sesong i Bergsøy velger du å forlenge med enda ein sesong, kva var årsaka til det?

Fyrst og fremst var det ambisjonane til klubben som trigga meg. Klubben har resignert mange viktige spelarar, samt supplert på posisjonar vi var tynn førre sesongen som var. Eg har trua på prosjektet som har starta her ute og nysgjerrig på kor langt vi kan nå om vi beheld stammen over lengre tid. Sjølv om det byrja trått i fjor, blei det betre for kvar kamp og til slutt enda vi på ein fin 6. plass!
Grunna situasjonen i fjor sommar (https://www.smp.no/sport/i/KMpv57/bergsoey-rykker-likevel-ikke-ned) som gjorde at laget blei satt saman i aller seinaste laget gjorde at vi fikk lite tid saman før sesongen. No er mykje satt og ting ser lovande ut for at vi skal få ein god pre-season i lag som gjer at vi skal stå sterkt rusta til seriestart!

Som du nevner, ein fin 6. plass i årets sesong – Kva kan vi forvente av årets Bergsøy utgave?

Eg håpar vi kan fortsette i samme spor som i fjor, og videreutvikle det. Nye REM Arena Fosnavåg skal fortsatt være vårt fort Det er få, om ingen arenaer i 1. divisjon som har så godt trykk og liv som det er i Bergsøy – det skal vi bygge videre på. Samstundes må vi prestere betre på bortebane. Alle kampar i 1. divisjon er tøffe, uansett plassering på tabellen av motstandar. Vi må vise at vi kan spele godt, uavhengig av kor vi spelar og kven vi møter.

Vi i Bergsøy handball gledar oss til ny sesong med 1. divisjons handball i REM Arena Fosnavåg!